top of page

OM TRAFIKKOPPLÆRINGA

Vi anbefalar deg å komme i gang med kjøretimar når du er 16 år, på den måten kan vi gje deg tilbakemelding på kva det er lurt at akkurat DU øvar på når du lærekjører heime.

Normalt sett er det nok med mellom 2-3 dobbeltimar i begynnelsen.

Etter det lærekjører du mest mulig heime fram til du nærmar deg 17 år, da fortsetter vi opplæringa og fordelar timane fornuftig fram til du er 18 år og klar til oppkjøring!

Trinn 1 - Trafikalt grunnkurs

Trafikalt grunnkurs er eit obligatorisk kurs alle må ha før dei startar med føreropplæring og privat øvingskjøring.

Det trafikale grunnkurset er på totalt 17 undervisningstimar og omhandlar:

• Trafikkopplæringa
• Trafikk og førarrolla
• Mennesket i trafikken og samhandling
• Trafikkopplæring, øvingskjøring og kjøreerfaring
• Plikter ved trafikkuhell og førstehjelp
• Tiltak ved trafikkulykke
• Trafikant i mørket

 

Trinn 2 - Grunnleggande kjøretøy- og kjørekompetanse

På trinn 2 skal du bli flink til å behandle bilen på ein behagelig måte både på flat veg, i oppoverbakkar og nedoverbakkar ved riktig bruk av clutch, gass og brems.

 

Riktig bruk av observasjonar ved igangsetting og stans samt liknande situasjonar som krevjer at du sjekkar speil og blindsone for å ferdast på ein trygg måte er og viktig.

Du skal gjennomgå sikkerhetskontroll av bilen for å få kunnskap om bilen sin virkemåte og utstyr.

 

På slutten av  trinn 2 skal det gjennomførast ei obligatorisk trinnvurdering.

Trinn 3 - Trafikal del

På trinn 3 skal du bli flink til å samhandle med andre trafikantar ved riktig bruk av tegn, fart og plassering i mange forskjellige situasjonar. Dette krevar at du er flink til å bruke blikket og planlegge kjøringa di ut i frå det du ser.

 

Ingen situasjon er nøyaktig lik, men etterkvart lærer du deg å skjønne kva som kan komme til å skje og tilpasse deg slik at du ferdast på ein trafikksikker og tydelig måte - både for deg sjølv og dei andre rundt deg.

 

Sikkerhetskurs på øvingsbane er obligatorisk og gjennomførast på trinn 3 når du er klar for det.

 

På slutten av  trinn 3 skal det gjennomførast ei obligatorisk trinnvurdering.

Trinn 4 - Avsluttande opplæring

Trinn 4 innleiast med kurs om bilkjøringas risiko før kjøring i landevegsmiljø samt planlegging og kjøring i variert miljø. Det heile avsluttast med refleksjon og oppsummering.

 

På trinn 4 skal du skrive ein logg om det du har opplevd og erfart på kjøreturane.

Avsluttande opplæring er obligatorisk og gjennomførast når du er på det vi kallar førarprøvenivå. Det vil seie at du skal være så flink at du mestrar dei situasjonane som oppstår. Med andre ord skal du kjøre sjølvstendig.

KONTAKT

Nordfjord Trafikk

Rådhusvegen 10

6770 Nordfjordeid

​​

NORDFJORDEID - 458 12345

STRYN - 41 50 22 52

SYKKYLVEN/STRANDA - 40 344 344

post@nordfjordtrafikk.no

DIREKTEKONTAKT

Nordfjord Trafikk avd. Eid

John Ingvald Myklebust - Tlf. 458 12345

Nordfjord Trafikk avd. Stryn

Even Andreas Dispen - Tlf. 41 50 22 52

 

Storfjord Trafikk avd. Stranda/Sykkylven

Kontor - Tlf: 40 344 344

  • Facebook
  • Instagram

© 2025 Nordfjord Trafikk

bottom of page