
- VI KOSA OSS -
INFORMASJON
Nordfjord Trafikk etablerte seg på Nordfjordeid og i Stryn i 2009. Da var både John Ingvald og Even Andreas ferdig utdanna som trafikklærarar. Etter 14 år har Nordfjord Trafikk utvikla seg til å tilby trafikkopplæring fra Florø i vest til Sykkylven i nord med 7 flotte trafikklærarar.
Siv-Carina starta med oss i hausten 2016. Etter 8 år som sensor i Statens Vegvesen valgte Siv å satse på trafikklæraryrket igjen. Med stor omsorg for elevane er ho ein problemløysar av dimensjonar. Latteren sitt alltid lett, så her kosar elevane seg masse!
Sommaren i 2017 starta den sprudlande rampen Bård Ove som trafikklærar med oss. Han er typen som lokkar fram smilet fra dei fleste og som elevane storkosar seg med.
Hausten i 2017 starta Eirik som trafikklærarar stasjonert i Førde/Florø og omegn. Han trivast godt i bilen med elevane sine.
Sommaren 2019 starta Robin Andreas som er ansatt i Sykkylven/Stranda og omegn. Energibomba av dimensjonar som med sitt lure smil alltid finn løysingar på utfordringar han måtte støte på!
I mai 2022 begynte Beate ved avdelinga vår i Sykkylven. Ho har snart 15 års erfaring som trafikklærar og har med dette mange triks i ermet. Beate skapar ein roleg og behageleg atmosfære i bilen, som gjer at du som elev vil trivast godt!
Vi gler oss til å samarbeide med deg!




TRAFIKALT GRUNNKURS
Trafikalt grunnkurs er eit obligatorisk kurs som alle må ha før dei startar på føreropplæringa, dette gjeld og for privat øvingskjøring.
Det trafikale grunnkurset gjer vi som regel ferdig på ei veke. På den måten får du som elev ein samanheng i opplæringa, og det vert lettare å halde tråden i det som vert gjennomgått. Vi startar som regel opp på ein mandag og vert ferdig til torsdag same veka.
Det trafikale grunnkurset er i alt på 17 timar og omhandlar:
• Trafikkopplæringa
• Trafikk og førarrolla
• Mennesket i trafikken og samhandling
• Trafikkopplæring, øvingskjøring og kjøreerfaring
• Plikter ved trafikkuhell og førstehjelp
• Tiltak ved trafikkulykke
• Trafikant i mørket
Mørkekjøring vert arrangert kvart år frå 15. oktober til 15. mars. Utanom den tida vert dei trafikale grunnkursa arrangert utan mørkekjøring. Mørkekjøringa må takast igjen innan 1. november samme år, ellers mistar eleven retten til å øvelseskjøre. Når mørkekjøringa er gjennomført får ein igjen retten til å øvelseskjøre! :)
TEORIKURS
Synest du teorien er vanskeleg? Vi hjelper deg gjerne med tips og råd!
Ta gjerne kontakt med ein av oss, enten per telefon eller e-post, så skal vi prøve å finne ei løysing som passar deg.
Gjennom ATL har vi gleden av å tilby både teorikurs og teoritestar via internett!
Klikk på linken under for meir informasjon.
TRAFIKKOPPLÆRING
Vi tilbyr opplæring i alle lette klassar, har du spørsmål om dei enkelte klassane kan du gjerne ringe ein av oss.
Informasjon om opplæringa i dei ulike klassane finn du på Statens Vegvesen sine nettsider, klikk på linken under og velg så den klassa du er interessert i: